Overnatting – finn roen på Olaskjeret!

Drøymer du om eit forfriskande morgonbad frå “di eiga” strand? Kunne nokre dagar med sjøutsikt frå rommet passa deg godt? Treng du ei god ramme for å nyta litt tid med familie eller venner? Då er ei overnatting på Olaskjeret akkurat noko for deg! Les meir om overnatting i Kvitanaustet nedanfor!

Kvitanaustet

Den heimekoselege atmosfæren i Kvitanaustet er eit perfekt utgangspunkt for eit minnerikt opphald på Olaskjeret. Naustet rommar ei koseleg stove med open kjøkkenløysning, to bad og fire soverom. Her kan du ta morgonbadet du drøymer om frå stranda som ligg like ved. Med nydeleg sjøutsikt kan du gjennomføra møter med arbeidsro. Eller du kan ta med deg familien til ei feiring i fortryllande rammer. Hvis du då ikkje berre ønsker ei fredeleg fristund saman med nokon du bryr deg om?

Drøym om avslappande dagar med desse bilda frå Kvitanaustet.

 
  • 1. etasje: Hall, stor stove, spisestue/møterom, lekkert, moderne og velutstyrt kjøkken, bad , lager, terrasse, og ikkje minst: Panoramautsikt!

    2. etasje: Fire soverom, bad, loftstove og panoramautsikt!

    • Innsjekk etter kl. 15.00 / 17.00 søndag.

    • Utsjekk innan kl. 11.00 / 13.00 søndag.

    • Oppreidde senger

    • Handkle

    • Sluttreinhald