Velkommen med teamet ditt!

Me byr på ein unik kombinasjon av lekre kurslokale, behageleg overnatting og spennande opplevingar. Dette er staden for å bli inspirert, ha det gøy, finna roen, læra noko nytt og skapa gode, felles minne.

 Ta kontakt, så skreddarsyr me eit opplegg som passar akkurat ditt team!

Kurslokale

Både Nothengjo, Raudanaustet og Kvitanaustet kan nyttast som kurslokale. I Nothengjo er det plass til 150 personar, Raudanaustet er det plass til grupper på inntil 40-50 personer, medan Kvitanaustet eignar seg for mindre grupper (inntil 25 personar). For store grupper er det ypperleg å ha alle husa til disposisjon for større fleksibilitet.

Overnatting

Om de ynskjer overnatting for teamet dykkar, er Kvitanaustet ein herleg stad å trekkja seg tilbake. Om det er behov for ytterligare overnatting så går det an å leige rorbuer i havnebassenget rundt Olaskjeret. Bestill gjerne både Raudanaustet og Kvitanaustet for å få optimalt ut av opphaldet dykkar på Olaskjeret.

Mat og servering

Me tilbyr ulike menyar for både kafé, selskap, kurs og konferansar. Berre ta kontakt med oss så tilpassar me etter dykkar ynskje.

Styrk fellesskapet i teamet ditt

Med trygge og gode relasjonar i eit team, aukar både motivasjon og produktivitet. Me tilbyr teambuildings-aktivitetar for bedrifter, selskap og andre grupper. Aktiviteten oppfordrar til samarbeid og kommunikasjon, og blir eit triveleg avbrekk i arbeidskvardagen, der relasjonar styrkast gjennom felles opplevingar. 

Velg mellom dei mange opplevingane me tilbyr, eller la oss, i samråd med deg, sy saman eit spennande og gøy program for teamet ditt med ein fin miks av opplevingar og teambuildings-oppgåver/ leik.  Ta kontakt, så hjelper me deg med eit skreddarsydd opphald for gruppa di!*